datadeling / behov-issue-tracker

A repository for tracking issues documenting epics and user stories
1 stars 0 forks source link

[BRUKERHISTORIE] RSS for siste kommentarar på data.norge.no #162

Open livarb opened 2 years ago

livarb commented 2 years ago

Som: bruker av data.norge.no Ønsker jeg å: kunne abonnere på RSS for siste kommentarer Slik at: jeg kan følge med på hva som skjer, sette opp varsel og liknende


Relatert til epos: #112 Relatert til #158

Lenke til design: Lenke til løsningsarkitektur:

Forretningsverdi (Kritisk/Viktig/Mindre viktig/Kjekt å ha):

Det er behov for å hente ut siste kommentarar frå Datalandsbyen. Det er fleire behov for ein slik datastrøm: B1) Vise siste kommentarar på framsida av data.norge.no (sjå #158 ) B2) La interesserte brukarar abonnere via RSS B3) Internt behov: få nye kommentarar inn i eit Planner-brett for oppfølging. Forsøkt å rigge dette ved hjelp av Power Automate ved å hente frå RSS-feed.

Eksisterande RSS-feeds dekker ikkje behovet Har prøvd å løyse B3) ved å nytte eksisterande RSS-feeds i NodeBB, og dei dekker ikkje behovet. RSS på Kategorien «Kommentartråder» gir ikkje ut kvar enkelt innlegg — kun siste innlegg i eit Emne. RSS-en gir ut siste innlegg i eit emne, og det ser ut til at timestamp er for når Emnet vart oppretta i staden for når innlegget vart oppretta.

Tankar om løysing Rigg å hente ut siste kommentarar frå NodeBB og legg til rette ein RSS-feed. Denne kan vi så nytte til å dekke B2) og B3) Forhåpentlegvis kan dette også gjenbrukast til B1).

Krav til RSS-strøm:

  1. Tar med kvart nye innlegg i Emnet «Kommentartråder»
  2. Filtrerer ut innlegg oppretta automatisk (brukar: «Kommentarbot»)
  3. Tar med openbare element: a) tittel (tittel på Emne) b) author (brukarnamn) c) link (lenke til innlegget) d) description (teksten i innlegget) e) pubDate (tidspunktet innlegget vart publisert)
  4. Bonus: ta med URL til kva ressurs i data.norge.no kommentaren gjeld. Kanskje category-elementet i RSS kan nyttast?

Tar gjerne eit møte for å gå igjennom dette.

livarb commented 2 years ago

Kommentar frå @jeffreiffers under planleggingsmøtet : finst mange plugins til NodeBB der ute. Kan vere nokon av dei kan dekke behovet.

jeffreiffers commented 2 years ago

Finnes ikke noe plugin som dekker behovet (RSS). REST grensesnittet dekker behovet til B1 og B2 men usikker om Power Automate støtter REST eller noe form av coding.

livarb commented 2 years ago

@jeffreiffers : skal ta ein nærare titt på kva ein kan få til med Power Automate.

Kan du fortelje meir om REST-grensesnittet vi har i Datalandsbyen? Er dette det samme som Write API? Såg ein kan hente ut API-nøklar i admin-grensesnittet, men det såg ikkje ut til å kunne opprette read-only-nøklar. Slik eg forstod det så er det kun eitt tilgangsnivå på API-et.

jeffreiffers commented 2 years ago

@livarb https://docs.nodebb.org/api/read/

https://docs.nodebb.org/api/read/#tag/posts https://datalandsbyen.norge.no/api/recent/posts/week

Man trenger ikke tilgang. Noen endepunkter gir begrenset info uten pålogging men tror det du trenger holder uten pålogging.