giellalt / bugzilla-dummy

0 stars 0 forks source link

Slå i hop src/morphology og src/phonology/ (Bugzilla Bug 2614) #1547

Closed albbas closed 4 years ago

albbas commented 4 years ago

This issue was created automatically with bugzilla2github

Bugzilla Bug 2614

Date: 2019-10-10T12:05:13+02:00 From: Sjur Nørstebø Moshagen <> To: Sjur Nørstebø Moshagen <> CC: @arppe@ualberta.ca, borre.gaup, chiara.argese, trond.trosterud

Depends on: #2451 Blocker for: #2613 Last updated: 2020-04-20T16:14:09+02:00

albbas commented 4 years ago

Comment 13734

Date: 2019-10-10 12:05:13 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Sjølv om ein kan motivera å skilja dei to ut frå ei lingvistisk inndeling, så har det vist seg at skiljet er arbitrært i språkteknologisamanhang. Vanlegvis vil ein byggja ein modell for heile språket, og ikkje morfologi og fonologi (eller rettare den ortografiske representasjonen av fonologien) kvar for seg.

Ved å slå dei i hop blir det lettare for oss å samarbeida med andre, og det blir lettare for andre å forstå oppsettet vårt (trur vi).

Denne lusmeldinga er del av eit større omorganiseringsprosjekt.

albbas commented 4 years ago

Comment 13869

Date: 2020-03-29 13:02:00 +0200 From: Trond Trosterud <>

Her må vi skilje mellom mappe og fil. Skiljet er knivskarpt mellom segmental (lexc) og suprasegmental handsaminga av fenomena. Med andre ord: Eit fenomen kan vli handsama på den eine eller andre måten, men dei to måtane har kvar sine filer. Likevel kan (og skal) vi ha dei i same mappe.

albbas commented 4 years ago

Comment 13876

Date: 2020-04-01 13:12:04 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

(In reply to Trond Trosterud from comment #1)

Her må vi skilje mellom mappe og fil. Skiljet er knivskarpt mellom segmental (lexc) og suprasegmental handsaminga av fenomena. Med andre ord: Eit fenomen kan vli handsama på den eine eller andre måten, men dei to måtane har kvar sine filer. Likevel kan (og skal) vi ha dei i same mappe.

Eg pratar berre om mapper, ingen ting anna.

albbas commented 4 years ago

Comment 13911

Date: 2020-04-19 07:53:27 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Fyrste del gjennomført med innsjekkingane 189805 og 189819-189825:

Bygginga har IKKJE vorte endra enno, det er framleis "originalane" i src/phonology/ som blir brukte.

Neste steg er å gjera nokre små endringar i src/morphology/Makefile.modifications-phon.am som truleg kjem til å føra til svn-konfliktar, dei må løysast før tredje steget som vil vera å endra bygginga til src/morphology/. Det fjerde og siste steget er å fjerna src/phonology/ etter at det er klårt at alt fungerer i src/morphology/.

Hovudgrunnen til å ta det i mange små steg er å sikra at bygginga fungerer heile tida, slik at ein ikkje får avbrot i produksjon eller uforståelege feilmeldingar for lingvistane.

albbas commented 4 years ago

Comment 13918

Date: 2020-04-20 12:49:54 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Steg to er gjennomført i innsjekkingane: 189865, 189867-189871, 189875.

No er vi klare for å byta byggjekatalog!

albbas commented 4 years ago

Comment 13921

Date: 2020-04-20 13:25:48 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Tredje steg må takast i to omgangar: sjølve fst-bygginga, og dokumentasjonsbygginga.

FST-bygginga vart lagt om i innsjekkingane 189902, 189904-189907, 189911, 189912.

DVS: DETTE ER DET STORE SKIFTET!

Frå og med no er den levande kjeldekoden i src/morphology/.

albbas commented 4 years ago

Comment 13923

Date: 2020-04-20 13:50:03 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Dokumentbygginga endra i innsjekkingane: 189913-189919.

albbas commented 4 years ago

Comment 13924

Date: 2020-04-20 14:20:48 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Etteropprydding etter dokumentasjonen er no sjekka inn: alle språk med eigen dokumentasjon for fonologifila har no fått oppdatert lenkje og filnamn i src/doc/.

For at ting skal bli heilt oppdatert, må ein byggja og sjekka inn dokumentasjonen ein gong, men det kjem automatisk etter kvart som folk byggjer, så det hoppar eg over no.

albbas commented 4 years ago

Comment 13925

Date: 2020-04-20 16:14:09 +0200 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Fjerde og siste steg vart gjennomført med innsjekkingane 189939-189944, der eg sletta alle gamle src/phonology/-katalogar.

Det er framleis ting å gjera med den katalogen som står att:

men desse punkta flyttar eg til ei eiga lusmelding.