giellalt / bugzilla-dummy

0 stars 0 forks source link

Setja opp automatisk byggjetesting (Bugzilla Bug 2127) #1635

Closed albbas closed 7 years ago

albbas commented 8 years ago

This issue was created automatically with bugzilla2github

Bugzilla Bug 2127

Date: 2015-12-08T11:43:30+01:00 From: Sjur Nørstebø Moshagen <> To: Sjur Nørstebø Moshagen <> CC: borre.gaup, ciprian.gerstenberger, tomi.k.pieski, trond.trosterud, unhammer+apertium

Last updated: 2017-03-02T10:52:31+01:00

albbas commented 8 years ago

Comment 10934

Date: 2015-12-08 11:43:30 +0100 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Vi burde setja opp automatisk bygging og testing for produksjonskonfigurasjonane, slik at vi får automatiske varsel dersom noko går gale med fst-ane for slikt som er ferdig, og som bør vera stabilt.

Til inspirasjon:

Tino har eit system for hfst, og Brendan Molloy bruker ei netteneste for hfst-ospell:

https://travis-ci.org/bbqsrc/hfst-ospell/builds

albbas commented 8 years ago

Comment 10987

Date: 2015-12-20 10:04:33 +0100 From: Trond Trosterud <>

Til orientering: Vi har Tino sitt system fungerande for /opt/mt på gtweb, Kevin har sett det opp. Dessverre er det så vidt eg ser ikkje dokumentert enno (?)

albbas commented 8 years ago

Comment 10990

Date: 2015-12-21 13:49:58 +0100 From: Kevin Brubeck Unhammer <<unhammer+apertium>>

(In reply to Trond Trosterud from comment #1)

Til orientering: Vi har Tino sitt system fungerande for /opt/mt på gtweb, Kevin har sett det opp. Dessverre er det så vidt eg ser ikkje dokumentert enno (?)

Det einaste eg gjorde der var å installera pakkene, og endra stiene i php-filene til å peika på dei installerte pakkene i staden for svn-utsjekkingane. Og skrudde på nattleg oppdatering.

Dokumentasjon er i svn langtech/trunk/techdoc/mt/infra/UpdatingApertiumOnGtweb.jspwiki og litt i gtweb:/opt/mt/README

Tino sitt system bygger pakker kvar natt, og sender ut epost til alle som gjorde commits mellom siste gode og siste dårlege bygging (iallfall for det som skjer på sourceforge, veit ikkje om det skjer med giellatekno-commits). Det finst òg ei epostliste som det går an å abonnera på: https://lists.sourceforge.net/lists/listinfo/apertium-packaging

albbas commented 7 years ago

Comment 12066

Date: 2017-03-02 09:55:08 +0100 From: Sjur Nørstebø Moshagen <>

Tino sitt system er no utvida til å dekkja produksjonsspråka våre, og til å dekkja dei konfigurasjonane som er viktige for oss. Byggjetestinga hans sender òg ut e-post til dei mest aktuelle personane i Giella-miljøet.

Denne lusmeldinga er løyst.

albbas commented 7 years ago

Comment 12072

Date: 2017-03-02 10:52:31 +0100 From: Kevin Brubeck Unhammer <<unhammer+apertium>>

Merk: Viss du ber om det, så skrur Tino på «make test» eller «make check» for den pakken du er interessert i. Då blir pakken ikkje bygd viss test/check feilar, og du får feilmelding på e-post. Dette skjer t.d. for apertium-sme-nob no (men ikkje for dei fleste pakker, sidan langt frå dei fleste har testar som passerer).

Testane må vera raske nok til at dei går unna på nokre minutt, og kan ikkje kreva interaktiv input (dei som er i langs/sme krev at eg trykkar "q", sjølv ved "make check | cat", så dei hadde nok ikkje gått utan ei endring a la "[[ -t 1 ]]" ein stad).