humsamdigiforsk / organisatorisk

Repositoriet for organisatoriske dokumenter, f.eks. referater, notater, etc. fra møter
1 stars 1 forks source link

Læremål for Pål #18

Open pallykkja opened 2 years ago

pallykkja commented 2 years ago

I løpet av 2022 så skal eg på å lære R og Python såpass at eg kan vere instruktør på Carpentry kurs i desse to programma.

Eg har vore på bibliotekssløyd med pyton json på juridisk bibliotek, carpentrykurs i python, og python for byrjarar på USIT, samt eit kurs med Annika for nokre år sidan. Har også brukt python via jupyter ved søk i nasjonalbibliotekets databaser.

Eg var på eit r-kurs januar 2017 https://uio-carpentry.github.io/2017-02-01-swc/ og i mai 2017 9-16, og har nok vore på eitt par til før pandemien.

Eg er med i ei nystarta R-gruppe på humanistisk fakultet.

Målet er å kunne bruke programvaren så bra at eg kan hjelpe studentar og tilsette med å løyse problemer dei skulle ha med koding, bruke kunnskapen i samband med datahandteringsplaner og verte sertifisert carpentry instructor på UB i R og Python. Eg skal gå opp til "eksamen" som carpentry instructor i juni.

arockenberger commented 2 years ago

Hei Pål! Tror du kan oppdatere statusen for dette Issue! :)

pallykkja commented 2 years ago

Det går framover med å lære å bruke R til OCR med hjelp av Google AI, og korleis bruke R til deduplisering og maskinlæring. Men eg treng å bruke meir tid på å lære "språket". Det har å gjere med at Ragnhild og eg jobbar med å lage eit Carpentry kurs i Zotero, og der har eit par store problemer falt på plass dei siste dagane heldigvis. Motivasjonen er på topp når eg ser alt ein kan bruke R til, men det har vore ein del veiledning og kurs i det siste. Eg treng å bruke nokre dagar på å rett og slett sitje å knote med programmet.