Open gautelund opened 10 months ago
Jeg tror vi kan løse dette på en eller annen måte med å bruke API-endepunktet til NRK for "Podcast season episodes". Men da må det ev. bli egne RSS-feeder for sesonger, siden det vil bli mye hvis absolutt alle episodene for en podcast skal være i en feed. Men tror absolutt dette er løstbart.
Dersom eg går til radio.nrk.no og søker opp serien "Pianisten" så får eg denne adressa: https://radio.nrk.no/podkast/radiodokumentaren/sesong/pianisten
Dersom eg søker opp "Pianisten" i NRSS finn eg den tilsynelatande, men eg får denne urlen: https://nrss.deno.dev/api/feeds/radiodokumentaren
Denne RSSen gjev meg berre dei eldste 20 episodane av Radiodokumentaren a.k.a. Historier fra virkeligheten Sånn sett er dette relatert til issue #8.
Eg har berre grunnleggjande programmeringskunnskapar og ingen erfaring med TypeScript, men kan det vera at koden ikkje "taklar" slike /sesong/xxx URLar? Men at det hadde vore mogleg å utbetra slik at det vart generert ein RSS-URL som berre peiker på denne "sesongen"?
(Ei anna sak er at det er ei litt lei avgrensing at ein ikkje får med meir enn "20 siste", då slike "seriar" hos NRK som Hele Historien og Historier fra virkeligheten er interessant innhald også mtp episodar 10 år tilbake eller meir. Er det for visst at NRK ville blokkert berre fordi ein data til å generera RSS over heile historikken? Er det ein idé å parlamentera med NRK om dette? Eg kan gjerne senda dei ein e-post i så fall.)